mandag 17. mars 2008

BMF er ein realitet!

Bergen Museumsforeining (eller museumsklubben som enkelte av medlemmane likar å seie) har hatt sitt oppstartsmøte og sett ned eit styre beståande av ei gruppe særskild oppvakte individ.

Den fyrste ekskursjonen vart lagt til Sjøfartsmuseet der me fekk ta del i ei spanande reis gjennom noreg si historie kva angår båtar og andre havgåande farkostar.
Omvisninga vart leia av Hanne (ho hadde vore der før) som greia ut om mellom anna båtdekk og gamle solkors.

Etter ei særs gild omvisning vart ekskursjonen avslutta med debriefing på det nye studentsenteret.
Her fekk og det siste medlemmet, som diverre gjekk glipp av hendinga, ta del i kva me hadde sett og høyrt. Vær ikkje redd Linn, dette er ikkje siste gongen me vitja sjøfartsmuseet!

Under fylgjer bilete frå den store dagen.




Nokre av medlemmane funderar på korleis ei slik innretning er meint å brukast



Ei lita pause på dekk